På Sortland barneskole har dei på første trinn teke i bruk STL+. Eg har verkeleg tru på nytta av dette opplegget i den første lese- og skriveopplæringa.
STL+ betyr å
skrive seg til lesing (Ohegland, 2011). Å skrive seg til lesing byggjar på Arne
Tragetons prosjekt "Tekstskaping på datamaskin" som byrja i 1999 og gjekk føre seg over fire år(ibid.). Elevane fikk i dette tilfellet
ikkje byrja med handskrift før dei gikk i tredje klasse. Dette forsøket viste
at elevane som hadde lært seg å skrive på PC, skreiv finare enn de elevane som
hadde lært seg å skrive med løkkeskrift i to år. Forsøket viste også at elevane
som starta med PC brukte kortare tid på lære seg å skrive handskrifta, enn dei
som starta for hand. Forsøka viste også at elevane som skreiv for hand, skreiv
raskare, men at dette utjamna seg året etter (Trageton 2003, s. 193 i Høigård,
2011, s. 262). Arne Trageton har forøvrig skrive ei bok som heite "Å skrive
seg til lesing. IKT i småskolen", utgitt i 2003.
STL+
er ein strategi for å knekke lesekoden gjennom å framstille eigne tekstar. STL+
er meint å skape ei kvalitativ god opplæring til dei som har særskilte behov,
men kan godt nyttast for alle elevane. Det seiast at ein kan førebyggje lese-
og skrivevanskar å redusere utviklinga av alvorleg dysleksi. STL+ er difor godt
egna i høve til tilpassa opplæring (Ohegland, 2011).
STL+
krev at ein installerer programvare til datamaskinane. "Skoleskrift"
skal nyttast saman meed talesyntesen "Voxit Budgie Pro", desse er verktøy
som nyttast(ibid). Når elevane skriv teksten på tastaturet, får dei lyd
tilbake. Tastaturet gjev auditiv tilbakemelding. Det betyr at elevane høyrer
kva dei skriv. Dei får med andre ord auditiv tilbakemelding på bokstavnivå og
dei får auditiv tilbakemelding gjennom talesyntese på ordnivå når mellomrom
trykkjast. Dette er viktig i forhold til den fonologiske og den morfemiske
bevisstheita. Vidare får elevane auditiv tilbakemelding på setningar og
avsnitt. Dette styrkjar deira syntaktiske bevisstheit. Anne Håland (2007, s. 119) skriv i si bok "Datamaskina fungerer som støttestruktur ved å ta seg av den tekniske sida ved skrivinga, forming av bokstavar, skriveretning, linjeskift, orientering på sida." Det vil seie at elevane kan fokusere meir på innhald. Ho skriv vidare at; "Datamaskina gjer det slik muleg for barn å operere i utviklingssona, gjera ting dei ikkje ville greid åleine (Vygotsky 1989, s. 189, i ibid., s. 119).
I STL+ er det likt med LTG-metoden når det gjeld introduksjon til tekst. Elevane får felles fokus på tema før dei går i gang med å skrive sjølv. På denne måten blir det lettare og starte skrivinga. Medan elevane skriv kan læraren gå rundt å observere elevane medan dei skriv, å gje dei hjelp dersom dei treng det. Gjennom felles refleksjon rundt tekstane deira, blir den pråklege bevisstheita og språkkunnskapen deira utvikla.
e-Lector er eit program som blir nytta til dette føremålet.
(Bileta er lånt på nettsida)
Fordelar og ulemper
Skriving på PC er ein grunnleggjande ferdigheit som dei
må meistre. Dei får starte skrivinga utan tidlegare opplæring av bokstavar. Dei
kjem tidlegare i gang med tekstskapinga. Elevane kommer raskare i gang med å
skrive eigenproduserte tekstar om det dei er interesserte i (Høigård 2011, s. 289).
Då får dei økt lese- og skrivelyst (Lundberg og Herrlin, 2008, s. 18). Elevane får prøve seg fram å feile. Det er
noko dei lærer av. Dei får utforske
mulegheiter. På PC får elevane retta tekstane sine. Dette ville sannsynlegvis
ikkje blitt gjort om dei hadde skreve for hand.
Når dei skriv på datamaskinen vil dei få hjelp til å betre teksten før
dei skriv den ut. Dei vil også oppleve å få ei feilfri utskrift av si eige
tekst som er heilt perfekt og som er ein framstilling av læringsaktiviteten.
Dei vil få samarbeid og støtte. Elevane vil få ein følelse av meistring. Dei
treng ikkje sitja å vente på å få hjelp. Med andre ord ei fin løysing for
tilpassa undervisning. Elevane får arbeide individuelt med språket der dei er
på sit nivå.
Dette
er eit flott hjelpemiddel til elevar som har lese- og skrive vanskar og/eller
dysleksi. Motivasjon er viktig med desse elevane (Høigård, 2011, s. 286). Elevane
får arbeide med høgtlesing. Dei får arbeide med fonologisk bevisstheit (ibid., s. 287).
Og ikkje minst får dei personlege erfaringar med skriftspråket. T.d. får dei
velje korleis bokstavar dei skal bruke. Alt dette er viktig for elevane med lese- og skrivevanskar
og for elevar med dysleksi (ibid., s. 284). Elevar som har norsk som andrespråk vil også
ha nytte av STL+ når dei skal lære seg norsk. Her kan dei få hjelp til den
fonetiske uttala (artikulasjon) og dei får øving i å setje saman morfem. I
tillegg får dei også trening i den norske syntaksen (ibid., s. 190).
Ulempene er at
elevane ikkje får øving med å skrive med
blyant eller penn. Dei får ikkje utvikla handskrifta si. Det vil seie dei
kinestetiske erfaringane med å skrive for hand (ibid., s. 261). Ei anna ulempe er at STL+ krev at skolen har nok
datamaskinar og programvare. Dette kostar pengar. STL+ krev og at kompetansen
til lærarane må utviklast slik at elevane får best mogleg læringsutbytte. Det
er og eit ressursspørsmål.
Kilder
Høigård, A. 2011. Barns
språkutvikling. Muntlig og skriftlig. 2.utgave. Oslo: Universitetsforlaget.
Håland, A. 2007. Dialogar om tekst. Praktisk arbeid med elevtekstar i norskfaget. Oslo: Universitetsforlaget.
Lundberg, I. og Herrlin, K. 2008: God leseutvikling. Kartlegging og øvelser. Oslo: Cappelen Akademisk
Forlag.
Ohegland, 2011. på voxit sine sider
http://www.voxit.no/a-skrive-seg-til-lesing/
e-lector sine sider
http://www.e-lector.com/nor/fullversjon.html