torsdag 18. oktober 2012

STL+


På Sortland barneskole har dei på første trinn teke i bruk STL+. Eg har verkeleg tru på nytta av dette opplegget i den første lese- og skriveopplæringa.
STL+  betyr å skrive seg til lesing (Ohegland, 2011). Å skrive seg til lesing byggjar på Arne Tragetons prosjekt "Tekstskaping på datamaskin" som  byrja i 1999 og gjekk føre seg  over fire år(ibid.). Elevane fikk i dette tilfellet ikkje byrja med handskrift før dei gikk i tredje klasse. Dette forsøket viste at elevane som hadde lært seg å skrive på PC, skreiv finare enn de elevane som hadde lært seg å skrive med løkkeskrift i to år. Forsøket viste også at elevane som starta med PC brukte kortare tid på lære seg å skrive handskrifta, enn dei som starta for hand. Forsøka viste også at elevane som skreiv for hand, skreiv raskare, men at dette utjamna seg året etter (Trageton 2003, s. 193 i Høigård, 2011, s. 262). Arne Trageton har forøvrig skrive ei bok som heite "Å skrive seg til lesing. IKT i småskolen", utgitt i 2003.
STL+ er ein strategi for å knekke lesekoden gjennom å framstille eigne tekstar. STL+ er meint å skape ei kvalitativ god opplæring til dei som har særskilte behov, men kan godt nyttast for alle elevane. Det seiast at ein kan førebyggje lese- og skrivevanskar å redusere utviklinga av alvorleg dysleksi. STL+ er difor godt egna i høve til tilpassa opplæring (Ohegland, 2011).                
STL+ krev at ein installerer programvare til datamaskinane. "Skoleskrift" skal nyttast saman meed talesyntesen "Voxit Budgie Pro", desse er verktøy som nyttast(ibid). Når elevane skriv teksten på tastaturet, får dei lyd tilbake. Tastaturet gjev auditiv tilbakemelding. Det betyr at elevane høyrer kva dei skriv. Dei får med andre ord auditiv tilbakemelding på bokstavnivå og dei får auditiv tilbakemelding gjennom talesyntese på ordnivå når mellomrom trykkjast. Dette er viktig i forhold til den fonologiske og den morfemiske bevisstheita. Vidare får elevane auditiv tilbakemelding på setningar og avsnitt. Dette styrkjar deira syntaktiske bevisstheit. Anne Håland (2007, s. 119) skriv i si bok "Datamaskina fungerer som støttestruktur  ved å ta seg av den tekniske sida ved skrivinga, forming av bokstavar, skriveretning, linjeskift, orientering på sida." Det vil seie at elevane kan fokusere meir på innhald. Ho skriv vidare at; "Datamaskina gjer det slik muleg for barn å operere i utviklingssona, gjera ting dei ikkje ville greid åleine (Vygotsky 1989, s. 189, i ibid., s. 119).
I STL+ er det likt med LTG-metoden når det gjeld introduksjon til tekst. Elevane får felles fokus på tema før dei går i gang med å skrive sjølv. På denne måten blir det lettare og starte skrivinga. Medan elevane skriv kan læraren gå rundt å observere elevane medan dei skriv, å gje dei hjelp dersom dei treng det. Gjennom felles refleksjon rundt tekstane deira, blir den pråklege bevisstheita og språkkunnskapen deira utvikla.



 
e-Lector er eit program som blir nytta til dette føremålet. 
(Bileta er lånt på nettsida)



Fordelar og ulemper

Skriving på PC er ein grunnleggjande ferdigheit som dei må meistre. Dei får starte skrivinga utan tidlegare opplæring av bokstavar. Dei kjem tidlegare i gang med tekstskapinga. Elevane kommer raskare i gang med å skrive eigenproduserte tekstar om det dei er interesserte i (Høigård 2011, s. 289). Då får dei økt lese- og skrivelyst (Lundberg og Herrlin, 2008, s. 18).  Elevane får prøve seg fram å feile. Det er noko dei  lærer av. Dei får utforske mulegheiter. På PC får elevane retta tekstane sine. Dette ville sannsynlegvis ikkje blitt gjort om dei hadde skreve for hand.  Når dei skriv på datamaskinen vil dei få hjelp til å betre teksten før dei skriv den ut. Dei vil også oppleve å få ei feilfri utskrift av si eige tekst som er heilt perfekt og som er ein framstilling av læringsaktiviteten. Dei vil få samarbeid og støtte. Elevane vil få ein følelse av meistring. Dei treng ikkje sitja å vente på å få hjelp. Med andre ord ei fin løysing for tilpassa undervisning. Elevane får arbeide individuelt med språket der dei er på sit nivå. 

Dette er eit flott hjelpemiddel til elevar som har lese- og skrive vanskar og/eller dysleksi. Motivasjon er viktig med desse elevane (Høigård, 2011, s. 286). Elevane får arbeide med høgtlesing. Dei får arbeide med fonologisk bevisstheit (ibid., s. 287). Og ikkje minst får dei personlege erfaringar med skriftspråket. T.d. får dei velje korleis bokstavar dei skal bruke. Alt dette er  viktig for elevane med lese- og skrivevanskar og for elevar med dysleksi (ibid., s. 284). Elevar som har norsk som andrespråk vil også ha nytte av STL+ når dei skal lære seg norsk. Her kan dei få hjelp til den fonetiske uttala (artikulasjon) og dei får øving i å setje saman morfem. I tillegg får dei også trening i den norske syntaksen (ibid., s. 190). 
Ulempene er at elevane  ikkje får øving med å skrive med blyant eller penn. Dei får ikkje utvikla handskrifta si. Det vil seie dei kinestetiske erfaringane med å skrive for hand (ibid., s. 261). Ei  anna ulempe er at STL+ krev at skolen har nok datamaskinar og programvare. Dette kostar pengar. STL+ krev og at kompetansen til lærarane må utviklast slik at elevane får best mogleg læringsutbytte. Det er og eit ressursspørsmål. 

Kilder

Høigård, A. 2011. Barns språkutvikling. Muntlig og skriftlig. 2.utgave. Oslo: Universitetsforlaget. 
Håland, A. 2007. Dialogar om tekst. Praktisk arbeid med elevtekstar i norskfaget. Oslo: Universitetsforlaget. 
Lundberg, I. og Herrlin, K. 2008: God leseutvikling. Kartlegging og øvelser. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag. 
Ohegland, 2011. på voxit sine sider
http://www.voxit.no/a-skrive-seg-til-lesing/ 
e-lector sine sider 
http://www.e-lector.com/nor/fullversjon.html

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar